Kva skjer i Stadskaping Evanger?

Me har arbeida trutt og jamnt med prosjektet vårt på Evanger heile våren og sommaren, det syner seg at me trong meir tid til å utarbeida dei fysiske planane for vårt spanande prosjekt. I samråd med ideutviklarane av Stadskaping, har me difor bestemt oss for å utsetja gjennomføringa av sjølve prosjektet til våren. Men me har tenkt å sleppa planane for prosjektet no i løpet av hausten - her er det berre å fylgja med!

Prosjektgruppa er inne i ein spanande og lærerik prosess - me er glade for tett samarbeid med Voss herad og idèutviklarane! Me er del av eit nasjonalt pilotprosjekt - det vert difor litt utprøving undervegs. Nokre av stega treng me meir tid på enn andre. Men, det veks me på - resultatet vert bra!

325 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle