Heimeverkstad (workshop)

Då er me klare til det neste punktet på programmet: heimeverkstaden. For å gjera heimeverkstaden treng du/de:

* 1 stk konvolutt med arbeidsoppgåver. Konvolutten finn de på butikken

* saks, lim og blyant/penn.


Dette er ein artig og koseleg aktivitet som passar alle aldrar, så her er det berre å slå seg laus 😁


Oppi konvolutten er det eit par ark. Arbeidsoppgåvene de skal gjera vert forklart på kvart ark. Gudrun, Gunn Iren og Synnøve skal no visa korleis dei gjorde heimeverkstaden:


Her viser eit entusiastisk medlem av planleggingsgruppa fram fyrste arket. Der skal de skriva kven de er og teikna dykk sjølve.

Her teiknar me oss sjølve. Alle tre var strålande fornøgde med sjølvportretta.

Stolte viser me fram det fyrste arket.

På det andre arket skulle me skildra korleis me såg for oss det nye møtestaden. Slik gjorde me det.

Deretter var det berre å ta fram

saksa. No skulle det klyppast og limast🤩


Oppi konvolutten ligg det eit par ark med dømer på ulike former for ting som kan passa inn på ein møteplass. Bruk dei dømene de vil. Har de andre dømer/idear som de ikkje finn på arka, teikn dei gjerne inn. Har du sett noko på internett som du synest ser kult ut, skriv det ut, klypp det ut og lim på arket.

»Her var det masse kult», seier Gudrun


Alle tre har funne noko dei likar. No vert me einige om plassering og limar dei på.


Her viser me fram resultatet. Me skreiv også på arket kor me såg for oss at dei ulike elementene passa inn. Her har me skrive: skuleplassen, bryggja og plassen ved vaskeriet.

Stolte medlemer av planleggingsgruppa viser fram det dei har laga.

Når de er ferdige, ta bilete av resultatet og send til: evanger@stedskaping.no

Du kan også avtala å levera det til nokon i planleggingsgruppa og/eller leggja det i postkassa utanfor butikken.










349 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle